I arbeidskrav 2 skulle vi lage eit undervisningsopplegg der vi nyttar sosiale medier. Eg blei litt nysgjerrig på kva ein kan nytte blogg til i undervisningsamanheng og valgte å lage eit opplegg kring dette.
Eg bestemmte meg for å skrive litt generelt om blogging i naturfag, og valgte ut 4 læreplanmål kor eg gjekk litt grundigare inn på korleis eg konkret vil jobbe med mine elevar. Grunnen til at eg valgte fleire mål, var å få vist litt ulike ting ein fag blogg kan brukast til. Individuell refleksjon, Gruppearbeid med presentasjon i google docs , deling av lenker i felles lenkesamling og å kommentere kvarandre sine blogginnlegg var nokre av dei tinga eg trekte fram som ein fagblogg kan brukast til.
Det som gjorde blogging interessant i ei slik oppgåve, er at ein kan kombinere det med fleire sosiale medier, ved å bygge inn presentasjoner frå google docs, you tube, artiklar i ether pad osv. Opplegget er kanskje litt omfattande sidan eg skriv om korleis nytte ein fag blogg gjennom fleire ulike emner, men tykkjer eg får kombinert fleire av dei tinga vi har lært på kurset.
I del to har eg valgt problemstillinga: ” Kan blogging brukast som eit pedagogisk verktøy i naturfagundervisninga?”
Her drøftar eg opplegget mitt, og kva fordeler og ulemper det gir samanlikna med andre måtar å gjere det på. Eg trekk fram teori om tilpassa opplæring, nett vett, personvern, tekniske utfordringar, korleis være digital i naturfag og viser til forsking om skilnaden på ungdoms skulekultur og fritidskultur.
Arbeidet har vore utfordrande og kreativt. Eg har lært mykje, og fått testa ut fleire av dei sosiale media vi har lært om i kurset.
Eg trur alle opplegga du skisserer på bloggen din kan vere nyttige i naturfag. Kunsten er å organisere det på ein slik måte at det ikkje vert uoverkommeleg med arbeid å administrere det. Og så må ein vere grunnleggjande fortruleg med verktyet sjølv for ikkje å bli for usikker når ein brukar det med elevar. Det er ikkje alt du nemner eg er like fortruleg med enno. Men samskrivingsverkty har eg god tru på.
SvarSlett