Mi erfaring med google docs er at det er eit greit program for elevane å jobbe i når dei skal jobbe på same dokumentet. Våre elevar jobba i grupper på 3, mot eit tema som heile klassen valde. Det er greitt å dele dokumenta med kvarandre. Vi tenker at gruppene våre jobba gruppevis først, og at heile klassa samarbeider om ein felles presentasjon mot slutten.
Ein stor fordel med samskriving i felles dokument på nettet, er at det lettar deltaking frå alle elevane i gruppa. Vi tenke oss at elevane jobbar saman i timar på skulen, men det vert ikkje ein som skriv og er ansvarleg for dokumentet som i word. Google docs gjer det enklare å jobbe saman når ein ikkje fysisk er tilstades, så i vi kan krevje at elevane fullfører det dei ikkje får gjort i timane heime.
Det er veldig oversikteleg for meg som lærar når elevar samarbeider i google docs, for eg kan heile tida gå inn å sjå på det elevane har skreve, og kommentere spørsmål som ikkje fungerer. Det gir meg større kontroll over prosessen i gruppa og at resultatet får betre kvalitet.
Krumsvik skriv i sin artikkel om rammefaktorteori og vurdering . Han tek opp utfordringar i det digitale klasserommet med klasseleiing og læraren sin kontroll av elevane sitt arbeid. Google docs meiner eg er eit program som gir tilbake denne kontrollen. I forhold til vurdering kan vi og gå inn å kommentere undervegs, slik at prosessen kan telle med og vi får vurdering for læring og ikkje berre vurdering av læring ( feed forward) (Rune Johan Krumsvik i boka didIKTikk)
I ei spørjeundersøking var det greitt å bruke google docks for då kan elevane sende spørjeskjema til fleire ved å sende e – post i google skjema, eller dele lenke til dokumentet på facebook eller i fronter.
Programma er veldig brukarvennlege for elevane, då dei liknar veldig på word, powerpoint og exel. Eg tykkjer likevel ein del ting var litt tungvint og uoversikteleg. Hadde nokre problem med at ein del ting ikkje blei lagra, og at det av og til var vanskeleg å skrive fleire samtidig i dokumenta. I arbeidet i gruppa vår jobba vi på ulike tidspunkt, og då var det greitt å sjå kva andre hadde skreve å gå inn å fylle ut og kommentere dette.
For meg er dette ein ny og litt annleis måte å jobbe digitalt i matematikk på. Faget er tradisjonelt, og vi brukar lite digitale hjelpemiddel utanom kalkulator, exel rekneark og matematikk program som td geogebra. (Dette vert og bekrefta i ei undersøking om skulens digitale tilstand gjort av ITU monitor 2009.) Mine erfaringar er positive. Eg likte programma godt og kjem nok til å prøve dei ut i naturfag også. Eg har tidlegare erfaring med Ether pad, som er eit anna samskrivingsprogram. Har brukt det i oppgåveskriving i IKT kurset og synest det er lett og oversikteleg å samarbeide i slike program. Google docs passa oss veldig godt til vårt matematikk prosjekt, då vi har tilgang til både presentasjon og rekneark program, og kan organisere filer i mapper og dele dei på ein lett måte.