søndag 15. mai 2011

arbeidskrav 3; ungdom og medievanar

I arbeidskrav 3 har vi laga ein Wiki om temaet  ungdom og sosiale medier. Vi valgte å fokusere på bruk av blogg, facebook og samskriving.
Her kan du sjå  Wikien vår.

 Å jobbe med Wikispaces har vore nytt for meg, men interessant og lærerikt. Vi tykkjer det er flott at elevar saman kan skape artiklar om ulike emner og samle dei i ein Wiki. Vi ser eit potensial å bruke dette i undervisning i naturfag. I gruppearbeid og litt større prosjekt der ulike grupper jobbar med ulike tema innafor eit emne. Då kan ein samle det skriftlege arbeidet så alle kan lære om dei andre gruppene sitt arbeid. Også i øvingsarbeidet ser vi at grupper saman kan skrive rapportar i ein slik felles gruppe Wiki.

Diigo lenkesamling var og nytt for meg. Det var positivt i dette arbeidet og kunne dele gode lenker med dei andre på gruppa og med muligheit for å kommentere og markere deler av tekst. Når ein sit å jobbar til ulike tider er det ein fin måte å tipse kollegaer om gode artiklar på. Eg tenkjer at dette kan eg bruke for å lagre lenkjer og opplegg frå år til år, og gjerne dele med andre. Her kan du sjå diigoen vår:

Bruk av wiki og diigo i undervisning
Å la elevar jobbe med tekstar på nett er ein fin måte å øve på kildebruk og kildekritikk på.
Når elevar skal finne kjelder om eit emne, må dei aktivt søke på nett og kritisk vurdere innhaldet. Dei må sjølve velje kva dei skal bruke og gjere innhaldet til sitt eige. Ved å publisere på nett lyt ein og referere korrekt kvar ein har henta informasjon frå . Den som publiserer eit innhald har opphavsrett til det og har krav på å bli navngitt ved bruk av kjelda (Dalegaarden, Ottestad og Tømte, 2007)
Å kombinere bruk av diigo lenkesamling med ein artikkel gjev god trening for elevane å jobbe med kjelder. Då kan dei saman vurdere kva som er gode kjelder og kva dei ynskjer å bruke i artiklane sine.
Otnes skriv om relevans, repertoar og refleksjon i lærarens digitale kompetanse. Å kunne bruke dei digitale media i ein fagleg samanheng der det gir relevans, at eg som lærar har eit reportear å spele på av undervisningsmetodar, og at eg kan reflektere over bruken av digitale media og være nytenkjande i forhold til eiga undervisning.  Dette er den siste innleveringa vår i ikt studiet, og eg tykkjer det har vore interessant og lærerikt, sjølv om det til tider har vore mykje arbeid. Eg føler Otnes sine tre begrep oppsummerer det eg har fått ut av studiet. Eg føler eg har eit større reportear i undervisninga mi, og vi har fått reflektert i grupper over kva ein kan bruke den nye digitale kompetansen til  i ulike fag.

Kjelder:
Otnes, Hildegunn: Å være digital, universitetsforlaget 2009
Dalegården, Tone, Ottestad, Geir, Tømte cathrine: Kildekritikk og kritisk refleksjon – Forsking viser 10 ITU 2007


søndag 27. mars 2011

Refleksjon om arbeidsprosessen i arbeidskrav 2

I arbeidskrav 2 skulle vi lage eit undervisningsopplegg der vi nyttar sosiale medier.  Eg blei litt nysgjerrig på kva ein kan nytte blogg til i undervisningsamanheng og valgte å lage eit opplegg kring dette.
 Eg bestemmte meg for å skrive litt generelt om blogging i naturfag, og valgte ut 4 læreplanmål kor eg gjekk litt grundigare inn på korleis eg konkret vil jobbe med mine elevar. Grunnen til at eg valgte fleire mål, var å få vist litt ulike ting ein fag blogg kan brukast til. Individuell refleksjon, Gruppearbeid med presentasjon i google docs , deling av lenker i felles lenkesamling og å  kommentere kvarandre sine blogginnlegg var nokre av dei tinga eg trekte fram som ein fagblogg kan brukast til.  
Det som gjorde blogging interessant i ei slik oppgåve, er at ein kan kombinere det med fleire sosiale medier, ved å bygge inn presentasjoner frå google docs, you tube, artiklar i ether pad osv. Opplegget er kanskje litt omfattande sidan eg skriv om korleis nytte ein fag blogg gjennom fleire ulike emner, men tykkjer eg får kombinert fleire av dei tinga vi har lært på kurset.

I del to har eg valgt problemstillinga: ” Kan blogging brukast som eit pedagogisk verktøy i naturfagundervisninga?”  
Her drøftar eg opplegget mitt, og kva fordeler og ulemper det gir samanlikna med andre måtar å gjere det på. Eg trekk fram teori om tilpassa opplæring, nett vett, personvern, tekniske utfordringar, korleis være digital i naturfag og viser til forsking om skilnaden på ungdoms skulekultur og fritidskultur.
Arbeidet har vore utfordrande og kreativt. Eg har lært mykje, og fått testa ut fleire av dei sosiale media vi har lært om i kurset.

fredag 18. februar 2011

Min læringsprosess ved bruk av google docs


Mi erfaring med google docs er at det er eit greit program for elevane å jobbe i når dei skal jobbe på same dokumentet. Våre elevar jobba i grupper på 3, mot eit tema som heile klassen valde. Det er greitt å dele dokumenta med kvarandre. Vi tenker at gruppene våre jobba gruppevis først, og at heile klassa samarbeider om ein felles presentasjon mot slutten.

Ein stor fordel med samskriving i felles dokument på nettet, er at det lettar deltaking frå alle elevane i gruppa. Vi tenke oss at elevane jobbar saman i timar på skulen, men det vert ikkje ein som skriv og er ansvarleg for dokumentet som i word. Google docs gjer det enklare å jobbe saman når ein ikkje fysisk er tilstades, så i  vi kan  krevje at elevane fullfører det dei ikkje får gjort i timane heime.
Det er veldig oversikteleg for meg som lærar når elevar samarbeider i google docs, for eg kan heile tida gå inn å sjå på det elevane har skreve, og kommentere spørsmål som ikkje fungerer. Det gir meg større kontroll over prosessen i gruppa og at resultatet får betre kvalitet.
Krumsvik skriv i sin artikkel om rammefaktorteori og vurdering . Han tek opp utfordringar i det digitale klasserommet med klasseleiing og læraren sin kontroll av elevane sitt arbeid. Google docs meiner eg er eit program som gir tilbake denne  kontrollen. I forhold til vurdering kan vi og gå inn å kommentere undervegs, slik at prosessen kan telle med og vi får vurdering for læring og ikkje berre vurdering av læring ( feed forward) (Rune Johan Krumsvik i boka didIKTikk)

I ei spørjeundersøking var det greitt å bruke google docks for då kan elevane sende spørjeskjema til fleire ved å sende e – post i google skjema, eller dele lenke til dokumentet på facebook eller i fronter.

Programma er veldig brukarvennlege for elevane, då dei liknar veldig på word, powerpoint og exel. Eg tykkjer likevel ein del ting var litt tungvint og uoversikteleg. Hadde nokre problem med at ein del ting ikkje blei lagra, og at det av og til var vanskeleg å skrive fleire samtidig i dokumenta. I arbeidet i gruppa vår jobba vi på ulike tidspunkt, og då var det greitt å sjå kva andre hadde skreve å gå inn å fylle  ut og kommentere dette.

For meg er dette ein ny og litt annleis måte å jobbe digitalt i matematikk på. Faget er tradisjonelt, og vi  brukar lite digitale hjelpemiddel utanom kalkulator, exel rekneark og matematikk program som td geogebra. (Dette vert og bekrefta i ei undersøking om skulens digitale tilstand gjort av ITU monitor 2009.) Mine erfaringar er positive. Eg likte programma godt og kjem nok til å prøve dei ut i naturfag også. Eg har tidlegare erfaring med Ether pad, som er eit anna samskrivingsprogram. Har brukt det i oppgåveskriving i IKT kurset og synest det er lett og oversikteleg å samarbeide i slike program. Google docs passa oss veldig godt til vårt matematikk prosjekt, då vi har tilgang til både presentasjon og rekneark program, og kan organisere filer  i mapper og dele dei på ein lett måte.

onsdag 9. februar 2011

Gruppearbeid i google dokumenter

I arbeidskrav 1 har vi jobba med google dokumenter i eit gruppearbeid. Eg har laga eit undervisningsopplegg saman med Kari Elisabeth og Svein Helge i emnet statistikk i matematikkfaget.  Opplegget er eit gruppearbeid kor elevane i 2 p skal samarbeide om å lage ein spørjeundersøking innafor eit tema som klassa sjølv vel. Elevane jobbar i grupper på tre og lagar spørsmål i google docs. Dei skal gjennomføre undersøkinga med ei sjølvvald elevgruppe og presentere resultatet ved hjelp av presentasjonsverktøyet i google docs. Dei skal og bruke reknearkprogrammet til google docs til å lage tabellar og diagram over resultata.

Opplæringsplanen